soundtrack : Killing in the name - Rage Against The Machine 1. mai har ein lang tradisjon i Noreg for å vera arbeidarane sin dag, der arbeidarane viser dei makthavande personane i samfunnet at dei ikkje lar seg hersa med, og viser kva saker dei tykkjer er viktigast. Dette er og ein sjanse for folk til å møtast, diskutera saker osb. 1. mai er ein flott dag.
I dei siste åra har diverre tala på oppmøtte folk blitt mindre og mindre, spesielt i dei yngste rekkene. Betyr ikkje 1. mai noko for oss lenger? Har me det så godt at det ikkje er vits å vise at me bryr oss om rettane me har? Bryr me oss ikkje om korleis makta styrer? Bryr me oss ikkje lenger om verda?
Jo. Folk bryr seg. Folk bryr seg om mykje. Dette finn me eksempel på andre stader i verda. Til dømes Nepal, der folk har store demonstrasjonar mot kongen, som fungerer som diktator. Og Kviterussland. Tusenvis av folk samlar seg og går i demonstrasjonstog, sjølv om det er stor fare for at dei vert fengsla. Dei kan til og med bli skutt på av politiet. Opposisjonsleiarane kjem i fengsel, men nektar å gje opp kampen.
Frankrike er og eit døme. Det byrja med at heile Frankrike demonstrativt sa ”NON!” til dei nye EU grunnlovene, og det fortsette med store ungdomsopprør. Eg var i Paris fyrst lenge før dei nye EU lovene skulle bli vedtatt, og allereie då gjekk folk i gatene og demonstrerte. Eg var i Paris att i påsken no, akkurat då Domenique de Villepin skulle få igjennom den nye arbeidslova han hadde laga, men Jaques Chirac brukte vetoretten sin og sa ”NON!” han og. Men dette gjorde ikkje Chirac fordi at han ville, eller fordi at han var snill, heller tvert i mot. Han gjorde det fordi at tusenvis av franske ungdommar hadde vist sin styrke, demonstrert i gatene, streika på skulen og skrive brev både til foreldra og til styresmaktene om kva dei tykte om dette. Domenique de Villepin, statsministeren i Frankrike, ville altså at ungdom i jobb i Frankrike kunne bli sparka kortid som helst, kor som helst, utan nokon som helst førevarsel. Og dette ville han sjølv om han visste at tusenvis av ungdommar i Paris og Frankrike går utan nokon som helst jobb, og ikkje har nokon ting å fordriva tida si med. Dette gjorde han i visshet om at tidlegare på året brente ungdommar bilar og kasta stein mot politiet i raseri over kor dårleg behandla dei tykte ungdommen i Paris var.
Heile Frankrike viste sin styrke mot styresmakter og mot lover. Dei viste at folket kan når dei vil, og at når dei fyrst har bestemt seg for ein ting, så klarer dei det ofte. Folket i Frankrike fekk ikkje berre det dei ville, dei var også gode førebilete for andre i verda.
I Paris i påsken, møtte eg ein gjeng demonstrantar. Dette var same dagen som Chirac hadde brukt vetoretten sin, og arbeidslova ikkje hadde blitt godkjend, men dei demonstrerte fortsatt. Eg spurte nokon av dei etter demonstrasjonen ”Kvifor demonstrerer de eigentleg no? Har han ikkje gjeve seg han der statsministeren dekans?” dei svarte ”Me demonstrerer, fordi at me aldri skal gje opp. Villepin kjem nok snart til å finna på noko nytt tull, pluss at verda er fæl. Born, ungdom og vaksne døyr overalt, på grunn av sult og fattigdom, men og mange på grunn av at dei meiner noko, men ikkje det same som styresmaktene. Kapitalismen .styrer verda, og det vil me ikkje ha. Me vil forandra verda, uansett kor fælt der ser ut no, og difor aldri slutta å demonstrera”.
Eg stod der å gapte. Eg visste ikkje kva eg skulle svara. Aldri hadde eg høyrt ein så klar tale, samrøystes, frå så mange ungdommar før.
Dei tenkte ikkje berre på seg sjølv, og kva rettar dei hadde når det gjaldt arbeid. Dei tenkte og på verda. Dei ville rett og slett forandra verda, og gjorde noko med det.
Det er dette eg saknar i Noreg, og på Voss. Me bryr oss ikkje om andre ting enn det me skal gjera sjølv, me har rett og slett ikkje tid til det. Skulane råtnar, eller blir lagt ned, offentlege toalett har me berre rå til å ha i ein trailer, kulturskulen får ikkje sine eigne lokale, sjølv om Dolvehuset står tomt og ikkje blir brukt til nokon ting, men det blir rive rett ned utan at få bryr seg. Kulturhus har me heller ikkje pengar til, (men at Lars Bystøl skal bli flydd over Prestegardslandet i privat helikopter, det finn rådmannen plass til i kommunebudsjettet.) Bibliotek, nei det er heller ikkje så viktig, så det skal me ikkje ha. Og, ingen bryr seg. Sjølvsagt blir det ein del reportasjar og lesarinnlegg i Hordaland, og kanskje og nokre sinte ordvekslingar mellom kommunerepresentantar og privatpersonar, men det er ingen som demonstrerer. Ingen lenkjer seg fast til dørene på biblioteket, ingen lagar til underskriftskampanje for å behalda biblioteket, ingen demonstrerer i gatene mot nedlegginga. Det er rett og slett ingen som bryr seg nok lenger. ”Nei og nei så trist, ikkje bibliotek på Voss lenger” , tenkjer nok dei fleste vossingar når dei les Hordaland, men det er ingen som gjer noko med det.
Det er her eg tykkjer at me må finna inspirasjon, og sjå på kva andre gjer, andre stader i verda. Då eg var i Paris og snakka med desse revolusjonære ungdommane fekk eg rett og slett eit lite spark bak. ”Me må byrja å bry oss!”, tenkte eg. Er det noko kommunen gjer som er hakkande gale, så må me visa dei at me ikkje godtar det. Er det noko Stoltenberg og regjeringa gjer som er dumt, så må me visa dei kva me meiner. Er det nokon andre ting som skjer i verda, så må me vise at me bryr oss.”Jammen, vossingane er så trauste, dei bryr seg ikkje om ting, ” seier kanskje nokon når dei høyrer at eg vil demonstrera, men eg trur ikkje på dei. Vossingane har mykje liv i seg. Sjå berre på saka om at Vangen Skule skulle leggast ned for nokre år sidan. Illsinte foreldre demonstrerte på ulike vis, blant anna med å møta opp i kommunestyresalen på kommunestyremøte då saka skulle opp. Alle kom sjølvsagt ikkje inn i salen, men dei stod utanfor å pressa seg inn. Dei gjorde ingenting ulovleg når dei var der, men dei stirra. Dei glodde rett og slett så intenst på dei som ville leggja ned skulen, at ingen turte å sei at dei ville leggja ned skulen lenger. Nedleggjinga vart ikkje gjennomført.
Me vossingar kan, om me berre gidd. Lat oss demonstrera meir folkens, og visa kven me er, kva me står for, og kva me ikkje godtar i samfunnet i dag. Lat oss gå saman, for, di fleir me er, jo sterkare er me. Lat oss byrja å bry oss!
God 1. mai !