mandag, juli 17, 2006

ny blogg igjen

den beste bloggen!

http://guro.urtete.com

onsdag, juni 14, 2006

ny blogg

soundtrack : the clash - brand new cadillac

ny blogg!

www.dontpanic.blogg.no

check it out.

søndag, mai 21, 2006

godterimaskin

major parkinson - death in the candystore

eg har ei raud snopemaskin på rommet mitt.

den er full av digg.
rosa, gult, raudt, grønt og kvitt snop.
med massemasse pez, men og love hearts og vepsebol, og alle andre fantastiske snopeting du kan tenka deg.
vrir eg på brytaren midt på maskina og seier "digg" fem gongar etterkvarandre, mens eg lukkar augene, les maskina akkurat kva snopeting eg har lyst på, og vips, så ligg den i snopetingfangaren nederst på maskina.

snopemaskinga mi er full av snop.

VAR full av snop.

mandag, mai 01, 2006

1. mai - arbeidarane sin dag

soundtrack : Killing in the name - Rage Against The Machine

1. mai har ein lang tradisjon i Noreg for å vera arbeidarane sin dag, der arbeidarane viser dei makthavande personane i samfunnet at dei ikkje lar seg hersa med, og viser kva saker dei tykkjer er viktigast. Dette er og ein sjanse for folk til å møtast, diskutera saker osb. 1. mai er ein flott dag.
I dei siste åra har diverre tala på oppmøtte folk blitt mindre og mindre, spesielt i dei yngste rekkene. Betyr ikkje 1. mai noko for oss lenger? Har me det så godt at det ikkje er vits å vise at me bryr oss om rettane me har? Bryr me oss ikkje om korleis makta styrer? Bryr me oss ikkje lenger om verda?

Jo. Folk bryr seg. Folk bryr seg om mykje. Dette finn me eksempel på andre stader i verda. Til dømes Nepal, der folk har store demonstrasjonar mot kongen, som fungerer som diktator. Og Kviterussland. Tusenvis av folk samlar seg og går i demonstrasjonstog, sjølv om det er stor fare for at dei vert fengsla. Dei kan til og med bli skutt på av politiet. Opposisjonsleiarane kjem i fengsel, men nektar å gje opp kampen.
Frankrike er og eit døme. Det byrja med at heile Frankrike demonstrativt sa ”NON!” til dei nye EU grunnlovene, og det fortsette med store ungdomsopprør. Eg var i Paris fyrst lenge før dei nye EU lovene skulle bli vedtatt, og allereie då gjekk folk i gatene og demonstrerte. Eg var i Paris att i påsken no, akkurat då Domenique de Villepin skulle få igjennom den nye arbeidslova han hadde laga, men Jaques Chirac brukte vetoretten sin og sa ”NON!” han og. Men dette gjorde ikkje Chirac fordi at han ville, eller fordi at han var snill, heller tvert i mot. Han gjorde det fordi at tusenvis av franske ungdommar hadde vist sin styrke, demonstrert i gatene, streika på skulen og skrive brev både til foreldra og til styresmaktene om kva dei tykte om dette. Domenique de Villepin, statsministeren i Frankrike, ville altså at ungdom i jobb i Frankrike kunne bli sparka kortid som helst, kor som helst, utan nokon som helst førevarsel. Og dette ville han sjølv om han visste at tusenvis av ungdommar i Paris og Frankrike går utan nokon som helst jobb, og ikkje har nokon ting å fordriva tida si med. Dette gjorde han i visshet om at tidlegare på året brente ungdommar bilar og kasta stein mot politiet i raseri over kor dårleg behandla dei tykte ungdommen i Paris var.
Heile Frankrike viste sin styrke mot styresmakter og mot lover. Dei viste at folket kan når dei vil, og at når dei fyrst har bestemt seg for ein ting, så klarer dei det ofte. Folket i Frankrike fekk ikkje berre det dei ville, dei var også gode førebilete for andre i verda.

I Paris i påsken, møtte eg ein gjeng demonstrantar. Dette var same dagen som Chirac hadde brukt vetoretten sin, og arbeidslova ikkje hadde blitt godkjend, men dei demonstrerte fortsatt. Eg spurte nokon av dei etter demonstrasjonen ”Kvifor demonstrerer de eigentleg no? Har han ikkje gjeve seg han der statsministeren dekans?” dei svarte ”Me demonstrerer, fordi at me aldri skal gje opp. Villepin kjem nok snart til å finna på noko nytt tull, pluss at verda er fæl. Born, ungdom og vaksne døyr overalt, på grunn av sult og fattigdom, men og mange på grunn av at dei meiner noko, men ikkje det same som styresmaktene. Kapitalismen .styrer verda, og det vil me ikkje ha. Me vil forandra verda, uansett kor fælt der ser ut no, og difor aldri slutta å demonstrera”.
Eg stod der å gapte. Eg visste ikkje kva eg skulle svara. Aldri hadde eg høyrt ein så klar tale, samrøystes, frå så mange ungdommar før.
Dei tenkte ikkje berre på seg sjølv, og kva rettar dei hadde når det gjaldt arbeid. Dei tenkte og på verda. Dei ville rett og slett forandra verda, og gjorde noko med det.
Det er dette eg saknar i Noreg, og på Voss. Me bryr oss ikkje om andre ting enn det me skal gjera sjølv, me har rett og slett ikkje tid til det. Skulane råtnar, eller blir lagt ned, offentlege toalett har me berre rå til å ha i ein trailer, kulturskulen får ikkje sine eigne lokale, sjølv om Dolvehuset står tomt og ikkje blir brukt til nokon ting, men det blir rive rett ned utan at få bryr seg. Kulturhus har me heller ikkje pengar til, (men at Lars Bystøl skal bli flydd over Prestegardslandet i privat helikopter, det finn rådmannen plass til i kommunebudsjettet.) Bibliotek, nei det er heller ikkje så viktig, så det skal me ikkje ha. Og, ingen bryr seg. Sjølvsagt blir det ein del reportasjar og lesarinnlegg i Hordaland, og kanskje og nokre sinte ordvekslingar mellom kommunerepresentantar og privatpersonar, men det er ingen som demonstrerer. Ingen lenkjer seg fast til dørene på biblioteket, ingen lagar til underskriftskampanje for å behalda biblioteket, ingen demonstrerer i gatene mot nedlegginga. Det er rett og slett ingen som bryr seg nok lenger. ”Nei og nei så trist, ikkje bibliotek på Voss lenger” , tenkjer nok dei fleste vossingar når dei les Hordaland, men det er ingen som gjer noko med det.
Det er her eg tykkjer at me må finna inspirasjon, og sjå på kva andre gjer, andre stader i verda. Då eg var i Paris og snakka med desse revolusjonære ungdommane fekk eg rett og slett eit lite spark bak. ”Me må byrja å bry oss!”, tenkte eg. Er det noko kommunen gjer som er hakkande gale, så må me visa dei at me ikkje godtar det. Er det noko Stoltenberg og regjeringa gjer som er dumt, så må me visa dei kva me meiner. Er det nokon andre ting som skjer i verda, så må me vise at me bryr oss.”Jammen, vossingane er så trauste, dei bryr seg ikkje om ting, ” seier kanskje nokon når dei høyrer at eg vil demonstrera, men eg trur ikkje på dei. Vossingane har mykje liv i seg. Sjå berre på saka om at Vangen Skule skulle leggast ned for nokre år sidan. Illsinte foreldre demonstrerte på ulike vis, blant anna med å møta opp i kommunestyresalen på kommunestyremøte då saka skulle opp. Alle kom sjølvsagt ikkje inn i salen, men dei stod utanfor å pressa seg inn. Dei gjorde ingenting ulovleg når dei var der, men dei stirra. Dei glodde rett og slett så intenst på dei som ville leggja ned skulen, at ingen turte å sei at dei ville leggja ned skulen lenger. Nedleggjinga vart ikkje gjennomført.
Me vossingar kan, om me berre gidd. Lat oss demonstrera meir folkens, og visa kven me er, kva me står for, og kva me ikkje godtar i samfunnet i dag. Lat oss gå saman, for, di fleir me er, jo sterkare er me. Lat oss byrja å bry oss!
God 1. mai !

onsdag, april 26, 2006

to tøffe ting og ein krise

soundtrack : soundtracket til "Kops"

Veddemåla:

Trond, Knut Ivar og eg bada i vangsen på mandag. ( 24 april)

Eg vann eit veddemål. Tora og Knut Ivar måtte kyssa Guri på munnen.

Krisen:

Knut Ivar kjørte meg heim frå skulen ein dag i sist veke. Klokka var mange og eg hadde mangemange tankar i hovudet om alt mulig rart, mest på grunn av at det var ufattelig mykje å gjere.
Men, han stoppa utanfor porten til det gule huset mitt, og eg gjekk ut frå bilen og sa takk for turen. Så gjekk eg inn porten og inn i huset for å eta oppvarma herlig middag.
- Kor er posten? spurte pappa meg plutselig, etter at eg hadde ete litt av den herlige oppvarma middagen. - Posten? spurte eg og såg bort på Live. Live opna plutseleg augene og munnen på vid gap, og sa - Har du ikkje sjekka postkassa i dag Guro?

nei. eg hadde ikkje sjekka postkassa. eg hadde rett og slett glømt å sjekka postkassa før eg gjekk inn porten.

det verste er at eg tenkjer på det endå.

onsdag, april 12, 2006

paris

soundtrack : edith piaf - le ciel et bleu

eg er i paris.
eller antony for aa vera pirkete.

har alle det fint
(eg finn ikkje spoersmaalstegn)

eg hqr det fint.
(sjoel om tastaturet er fokked up)

paris = je t`aime

mandag, april 03, 2006

Ikkje sant?

soundtrack : Animal Alpha - Bundy

Newnorwegian is a better language.
soundtrack : Heartbreaker - Led Zeppelin

Den suksessrike mannen fekk brått ein
alvorleg hjartesjukdom. Det viste seg at
den einaste måten han kunne overleve, var
med ein hjartetransplantasjon. Etter ei tid
med venting, let det seg gjennomføre.
Operasjonen var vellukka. Det nye hjarta
kom frå ei ung jente som døydde i ei bilulukke.
Han fekk aldri vite at ho mot slutten
av livet sitt hadde hatt overveldande
kjærleikssorg.

fredag, mars 31, 2006

Hjelp, mamma har blitt galen

soundtrack : Help - The Beatles

eller. det har ho vel eigentleg alltid vore.
galen altså.
men.

tingen er, at mamma har byrja å lika metal.
ja.
du las rett.
metal.
rett og slett.

Historia er :
mamma såg russerevyen. Då var det gjort.
- kem va dei to, du veit, dei morsomme, han litt store og han vetle?
- det var Tom Ian og Leif, mamma. dei spelar metal. du veit, sånn skrike-musikk, mamma. sånn som du ikkje likar.
- men dei va jo so søte!!!

Eg fortel om elevrådsmøte :
- Roland kunne godt holdt kjeft innimellom. Han klage på at eg rote på musikklinjo, framfor heile elevrådet.
- jammen da treng du jo Guro. Du e jo ein stor rotekopp, da e du.
- jaja. men herlighet då. eg fortel seriøst om rektor som e sur på grunn av rot, og så kjem Roland "den som rotar mest nede på musikklinjen det e da du Guro!" skrik han ut framfor alle.
- eg kjenne atte eg like han derre Roland. Kem e han enkli?

litt seinare på året :
- du Guro? e dei flinke dei derre to morsomme på russerevyen, og han derre masekoppen i elevrådet?
- Ja, mamma. dei e flinke.
- men. koffø spele dei sånn satan-musikk då då?
- mamma. da går ann å ve flink sjøl om du spele "satan-musikk". Høyr på musikken mamma. Thats the point.

UKM i greighallen :
- Guro! eg like sånn helvette-musikk guro! Dei va jo skikkelig flinke!
- hehe. morsomt mamma. morsomt.
- jammen asso. dei e virkelig flinke.
- akkurat som du har peiling då mamma.
- Eg satt å digga der bake eg. nesten sånn, ehm. Head-banging, du veit. eg trur eg ska kjøpa ei plata...

Eg seier det igjen. Hjelp. mamma likar metal.

Pellikan

soundtrack : Beethoven - 5 symfonien

du er bortskjemd, sa dei.
- eg er ikkje bortskjemd, sa ho.

eg er berre priviligert.

mandag, mars 27, 2006

Omtrent det beste eg veit

soundtrack : seier vel seg sjølv litt..

er å ha på partymiks i itunes'en og så kjem det ein song som eg aldri har hørt før.

spesielt når det skjedde i dag og songen var berre masse dyrelydar og ein mann som skreik "doidoi".

Rutiner/tvangstankar?

Soundtrack : Emotional Rescue - The Rolling Stones

1. Postkasse-tvangstanke.
Kvar gong eg kjem heim, MÅ eg, berre MÅ eg sjekka postkassa. Om klokka er 2 om dagen, 2 om natta, 6 om morgonene, eg berre MÅ sjekka postkassa.
tvangstanke eller rutine?

2. Kniv og gaffel-tvangstanke.
Kniven kan ikkje ligga oppi gaffelen. Kniven kan altså ikkje ligga mellom "taggane" i gaffelen.
Problemet er at pappa ikkje klarer å ikkje gjere dette. Ergo : middagen i Bordalsvegen 16 er aldri stille.

3. Veggpryd-må-henga-rett-tvangstanke.
Om eg ser noko som heng på ein vegg, som er berre pittelittegranne skeivt, Må eg fiksa på det. Eg berre MÅ.

4. Skapdører-kan-ikkje-vera-opne-tvangstankar.
Om eg ser ei skapdør eller ei skuff som er pittelittegranne opne, Må eg lukka den. Eg berre MÅ.

5. Gå-ein-runde-rundt-dei-spesielle-stolpane-dei-har-i-utlandet-tvangstanke.
Då eg var i Frankrike for fyrste gong, viste Live meg noko ufattelig stilig. Dei har sånne stolpar nedi bakken, som faktisk forsvinn nedi bakken om ein trykkjer på ein knapp. Altså, stolpane står nedi bakken framfor ein innkjørsel, og når det kjem ein bil som skal inn der, må han trykka på ein knapp. Når den knappen vert trykt på, berre forsvinn stolpane ned i bakken. Utrulig fasinerande.
Men. Tvangstanken er at eg alltid må halda på toppen på ein slik stolpe og gå ein runde rundt stolpen om eg møter ein på min veg.
Og dette er Live sin feil.

6. Boblestemme-tvangstanke.
Kvar gong Live (eller noen andre, men oftast Live) får boblestemma(når stemma høyrest heilt forvridd ut på grunn av ei boble eller noe i halsen) må eg sei "boblestemma!" og le.

7. Gå-like-mykje-på-begge-beina-tvangstanke.
Når eg går til skulen, heim frå skulen, til øving, heim frå øving osv, MÅ eg ha like mykje vekt på den eine foten som den andre. Føttene mine snakkar altså til kvarandre. "haha! eg har fått meir vekt enn deg!" seier den eine foten til den andre. og slik held dei på heilt til begge har fått like mykje vekt. dumme føttene.

8. Gå-i-takt-med-musikken-på-ipoden-tvangstanke.
Men dei føttene mine, dei er rare dei. Det er ikkje berre det at dei kranglar, dei må nemleg gå i takt med musikken og. Dette fører til at eg ofte ser ganske rar ut når eg går til skulen. Og dette fører og til at eg ofte syklar.

Eg har mange fleir tvangstankar. Men den eine tvangstanken er at eg ikkje skal offentleggjera alle tvangstankane mine.
Dei kranglar nemleg med kvarandre dei og.

fredag, mars 17, 2006

tankar frå eit symjebasseng

soundtrack : The Cure - just like heaven

verda blir annleis.
når ein symjer i eit symjebasseng.

alt blir så fint.

tankar blir fine.
augene er opne og ser alt. boblene boblar. vatnet sprutar. kroppane glir bortover i vatnet.
alt blir vakkert. håret flyt bortover i vatnet. - det er ikkje lenger hår, tenkjer eg. - det er ein hale. på ei vakker havfrue. eller halen til nøkken kanskje.

musikk lagar seg sjølv i hovudet.

- åå, så fin og brun Live har blitt, tenkjer eg og.

verda blir fin. og brun. eller rosa.
- om verda alltid hadde vore slik så hadde det ikkje vore krig i verda, tenkjer eg, og ser ut på dei rosa trærna.

alt er vakkert.



heilt til eg tar av meg symjebrillene med dei rosa glasene og ser ut på dei grå trærna att.

søndag, mars 12, 2006

sundagsfordriv

Soundtrack : Queen - lazing on a sunday afternoon



sundagar er keisame.
men ikkje om ein har nokon å gjera sundagsting med.
som for eksempel : sova lenge. gå på kafé. gå på sundagstur. gå på kino.

denne sundagen hadde eg nokon å gjera sundagsting med.

eg og adrian gjekk fyrst på Godt Brød (der me betalte mykje av det som var i våre tomme lommebøker, men med god samvittighet, Godt Brød = økologisk osv.).
etterpå gjekk me på sundagstur.
plutselig fekk adrian ein super idé om at me skulle gå opp på altanen til eit hus. "det er mye finere utsikt der!" påstod han. kjente me dei som budde i huset? nei.
men var det nokon heima? nei.

eg elskar bergen.



fredag, mars 10, 2006

Målkvefsar

Soundtrack : Side Brok - Ein likandes kar

I går arrangerte eg og Lina Norsk Målungdommøte på Alpino.
Det vart ein slager med om lag 15 oppmøtte!

"Målkvefsane" heiter me.

Sakene Målkvefsane skal ha som hovudsaker i dette året er :

1. Å laga t-skjorter.
T skjortene skal vera svarte med raud skrift. Har nokon forslag til kva som kan stå frampå? Det beste forslaget til no er "eg hugleikar nynorsken!"

2. Å ha ein kampanje om at det skal stå "mjølk" på mjølkekartongane i staden for "melk".
Planen er å skriva brev til TINE melk, og til ordet fritt i Hordaland og kanskje få eit lite bilete i Hordaland også.
Eg hadde eit forslag om å skrive på ein j og ein ø med sprittusj på mange mjølkekartongar i butikkar på Voss.
Eg trur det vart nedstemt på grunn av frykt for useriøsitet. Det blir tatt opp på neste møte att.

3. Å senda nokon på landsmøte!

4. Å visa at Målkvefsane finst.

5. Å prøva å få folk til å halda på dialekten og nynorsken.

6. Å visa Hardanger folkeblad at Målkvefsane vil at dei skal skriva meir nynorsk i avisa!

Alle er velkomne til neste møte, torsdagen etter påskeferien.


Eg hugleikar nynorsken!


tirsdag, mars 07, 2006

Kvinner kan!

Soundtrack : Woman of heart and desire - Joni Mitchell

No er det 8 mars. og 8 mars = kvinnedagen.
Jippi!

Lina og eg drog på tokt.





fyrst var det laging av banner -




tokta byrja. me var ute i den kalde marsnatta om lag kl 2330.
dolvehuset (huset attmed kiwi) virka som ein fin plass å henga ein slik banner.
sjølv om me lurar litt på om den kjem til å hengja der i morgon.

kanskje ein FRP-mann køyrer på jobb i morgon, ser banneren og så riv han ned?
du kan jo aldri vita. Kvar tredje nordmann er jo FRP'ar i desse dagar...


mission accomplished.


NB : ikkje prøv dette heime. lukt av maling og white sprit kan forekomma i store delar av huset. (pluss litt maling på golvet..)
mamma er sur.

torsdag, mars 02, 2006

Sing a song song

Soundtrack : No song unheard - The Hellacopters


vilde vilde, du er som gilde

pølser

feite og gode og intellegente,
og likar alle menneske,
ikkje berre dei kjente.

pratar i munnen på alle,
og får mange til å falle,

men på den rette sida.

vilde er rett og slett kjekk,
spesielt når ho skriv med blekk

speglvendt.

vilde har heller ingen potetnås,
og ho sett ikkje folk i bås,
ho er rett og slett humanist,
sosialist og feminist, og kanskje og litt kommunist og anarkist?

det er i hvertfall ikkje trist,
for til sist,
er det ikkje trua på jesu krist,
men mao og marx som tel, javisst!

vilde er digg,
spesielt når ho tar seg ein sigg.



eg skreiv ein song til om/til Vilde i dag.
eg trur eg skal byrja å skriva noen revolusjonsongar.
Det skal bli min stilling i partiet når revolusjonen kjem - revolusjonsongkomponist.

(NB - teksten er litt intern nokon plassar. Og - om de vil høyra melodien, så er det berre å komma på besøk så skal eg syngja)

tirsdag, februar 28, 2006

dagens oppleving


soundtrack : dead in the water - david gray

Knut Ivar, Tore, Lars og eg var på kino. Tjenare kungen. Den var faktisk ganske kul. Eg blei glad av å sjå filmen. Intet meir, intet mindre.

anyways. Knut Ivar sin yaris = skitten.
me sette oss inn i bilen. rånte bort på esso i ein vill fart. sprang inn på esso. kjøpte "superduper washing" av jenta bak disken. sette oss inn i bilen att. stressa i ein halv time for å skjønna systemet med "superduper washing" maskina.
sette oss inn i bilen att.

og "superduper washing" maskina byrja. me holdt på å le oss i hjel.
det kom svære vaskekostar rett mot oss. og alle dukka. sjøl om me satt inni bilen.

rare rare folkene.

tirsdag, februar 21, 2006

Serbiatankar

eg var i serbia før jol eingong.
det var morsomt. men og fælt. og samtidig veldig lærerikt.

Den aller morsommaste/raraste/fælaste opplevelsen:

å køyra i ein sliten, sliten (!!!) buss på Serbia sine landevegar. på kvelden sjølvsagt. det var kjempekjempe mørkt, men me kunne sjå så langt som eg aldri har sett før likevel. nesten sånn verdens ende opplevelse.
Me kom til Beograd. me skulle på poshete ambassadebesøk. Me køyrte opp mot ambassaden og på vegen såg me eit endå meir poshete hotel. 300 meter frå dette hotellet, på andre sida av vegen var det ikkje eit så poshete strøk. Folk levde oppå kvarandre. Husa dei budde i var laga av bos, og det boset som ikkje fekk plass i Donau, låg rundt om kring husa. Det var rett og slett ekstrem slum.

uansett. når me var ferdig på ambassaden med høflighetsfrasar og å sjå på at ambassadøren sovna, reiste me vidare. Eg såg forresten ikkje ei einaste dame på ambassaden. Ikkje ein gong ei einaste vaskedame.

men. me satt i denne bussen saman med elevar og lærarar frå Zrenjanin Gymnasium, alle oss frå gymmen og ein anarkist.
Denne "anarkisten" kjem frå Serbia, men han kunne rett og slett snakka trøndersk. Han hadde nemleg gått på folkehøgsskule i Norge tidleg på 70 talet ein gong, midt i den beste tida noen gong. Det som skjedde var at han hadde brutt ein heil masse reglar på denne folkehøgsskulen (tru meg, han fortalte ALT), og han blei kasta ut etter to månadar. Kva skulle han gjere no? Han kunne ikkje reise heim, for då hadde foreldrene hans kasta han ut dei og, så han bestemte seg for at han skulle bli i Noreg.
Han reiste altså berre rundt og rundt i Norge og snakka med folk. Og lærte ein heil del. og blei anarkist.
sammen med Dag Solstad og Jens Bjørneboe.
Eg, som "musikar" og som har vekse opp i ein "hippie-familie" kan sjølvsagt tusen 70 tals viser, inkludert internasjonalen. Eg byrja difor å synga.
Etter kvart kom fleir og fleir med. Til slutt song heile bussen. Og me slutta ikkje. Me song, song, song, song og song.

fredag, februar 10, 2006

musikkorienteringsheildagsprøve.

var overbevist over at eg var spesiel og hadde funne det lengste ordet i det norsk språk.
eg sendte mail til norsk språkråd;

"Vyrde språkråd!

Er musikkorienteringsheildagsprøve det lengste norske ordet?"

Eg fekk svar tilbake ;

"Vyrde vyrde vene deg!

musikkorienteringsheildagsprøve er eit godt forslag!

landsdelsberedskapsfylkesmannsembetene er nok uansett eit lenger ord.
beklagar å måtte skuffe deg!

av og til lurar eg på kva språk me snakkar.
omfg. landsdelsberedskapsfylkesmannsembetene.

onsdag, januar 18, 2006

lørdag, januar 14, 2006

Tine mjølk lett

For nokre år sidan vart mjølkekartongane til TINE radikalt forandra. Tine mjølk lett vart til Tine melk lett. Eg hugsar det var stor forferding i min familie. Mamma hadde tårer i augo, mens Pappa vart så sint at han heiv ein mjølkekartong i golvet.
Bokmålen tok over igjen.
skal me berre godta dette? godta at dansk-norsken øydelegg den norske identiteten, øydelegg det flotte norske skriftspråket?
bli med i kampen for nynorsken. Kampen for å få tilbake den gode gamle TINE MJØLK LETT. Kampen om å å få tilbake den ekte norske mjølka!

tirsdag, januar 10, 2006

Yndlingsord

molefunken. kakkerlakk. bale. vakker. tummelumsk. hugleik. onani. epoke. piano. lyd. auditorium. osmose. dugnad.