mandag, mars 27, 2006

Rutiner/tvangstankar?

Soundtrack : Emotional Rescue - The Rolling Stones

1. Postkasse-tvangstanke.
Kvar gong eg kjem heim, MÅ eg, berre MÅ eg sjekka postkassa. Om klokka er 2 om dagen, 2 om natta, 6 om morgonene, eg berre MÅ sjekka postkassa.
tvangstanke eller rutine?

2. Kniv og gaffel-tvangstanke.
Kniven kan ikkje ligga oppi gaffelen. Kniven kan altså ikkje ligga mellom "taggane" i gaffelen.
Problemet er at pappa ikkje klarer å ikkje gjere dette. Ergo : middagen i Bordalsvegen 16 er aldri stille.

3. Veggpryd-må-henga-rett-tvangstanke.
Om eg ser noko som heng på ein vegg, som er berre pittelittegranne skeivt, Må eg fiksa på det. Eg berre MÅ.

4. Skapdører-kan-ikkje-vera-opne-tvangstankar.
Om eg ser ei skapdør eller ei skuff som er pittelittegranne opne, Må eg lukka den. Eg berre MÅ.

5. Gå-ein-runde-rundt-dei-spesielle-stolpane-dei-har-i-utlandet-tvangstanke.
Då eg var i Frankrike for fyrste gong, viste Live meg noko ufattelig stilig. Dei har sånne stolpar nedi bakken, som faktisk forsvinn nedi bakken om ein trykkjer på ein knapp. Altså, stolpane står nedi bakken framfor ein innkjørsel, og når det kjem ein bil som skal inn der, må han trykka på ein knapp. Når den knappen vert trykt på, berre forsvinn stolpane ned i bakken. Utrulig fasinerande.
Men. Tvangstanken er at eg alltid må halda på toppen på ein slik stolpe og gå ein runde rundt stolpen om eg møter ein på min veg.
Og dette er Live sin feil.

6. Boblestemme-tvangstanke.
Kvar gong Live (eller noen andre, men oftast Live) får boblestemma(når stemma høyrest heilt forvridd ut på grunn av ei boble eller noe i halsen) må eg sei "boblestemma!" og le.

7. Gå-like-mykje-på-begge-beina-tvangstanke.
Når eg går til skulen, heim frå skulen, til øving, heim frå øving osv, MÅ eg ha like mykje vekt på den eine foten som den andre. Føttene mine snakkar altså til kvarandre. "haha! eg har fått meir vekt enn deg!" seier den eine foten til den andre. og slik held dei på heilt til begge har fått like mykje vekt. dumme føttene.

8. Gå-i-takt-med-musikken-på-ipoden-tvangstanke.
Men dei føttene mine, dei er rare dei. Det er ikkje berre det at dei kranglar, dei må nemleg gå i takt med musikken og. Dette fører til at eg ofte ser ganske rar ut når eg går til skulen. Og dette fører og til at eg ofte syklar.

Eg har mange fleir tvangstankar. Men den eine tvangstanken er at eg ikkje skal offentleggjera alle tvangstankane mine.
Dei kranglar nemleg med kvarandre dei og.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Eg trur alle tvangstankene/rutinene dine er heilt normale og heilt ufarlige, untatt #7 som kan føre til makabre situasjoner gitt at Spesiell Musikk Smak Tvangs Tanke # 1(orddelingstvangstankenokon?) er ein av dei hemmelige tvangstankene.

Kva om du hører på eit eller anna death/trash metal band? Eller ei langsom(eg sa ikkje langdryg) sonate av Beethoven?

guro sa...

då går eg veldig fort. eller veldig seint.
eg seier det igjen : eg ser ofta veldig rar ut når eg går til skulen.

la live sa...

eg har endå ein tvangstanke som du ikkje har (skrive ned). eg kan ikkje tråkka på enden på skuggane på bilar. den må eg hoppa over. eg berre MÅ. bilar i fart er ikkje eit unntak

HeiaVincent sa...

Glad du liker det vi skriver. Værsågod.

Hilsen Emilio Ltd.

fpuydiv

Torzx sa...

Eg har lyst å sjå deg gå mens du høyre på Nile...

Bortsett fra da trur eg desse tvangsnevrosene dine e eitt tegn på at du e gal.