fredag, mars 31, 2006

Hjelp, mamma har blitt galen

soundtrack : Help - The Beatles

eller. det har ho vel eigentleg alltid vore.
galen altså.
men.

tingen er, at mamma har byrja å lika metal.
ja.
du las rett.
metal.
rett og slett.

Historia er :
mamma såg russerevyen. Då var det gjort.
- kem va dei to, du veit, dei morsomme, han litt store og han vetle?
- det var Tom Ian og Leif, mamma. dei spelar metal. du veit, sånn skrike-musikk, mamma. sånn som du ikkje likar.
- men dei va jo so søte!!!

Eg fortel om elevrådsmøte :
- Roland kunne godt holdt kjeft innimellom. Han klage på at eg rote på musikklinjo, framfor heile elevrådet.
- jammen da treng du jo Guro. Du e jo ein stor rotekopp, da e du.
- jaja. men herlighet då. eg fortel seriøst om rektor som e sur på grunn av rot, og så kjem Roland "den som rotar mest nede på musikklinjen det e da du Guro!" skrik han ut framfor alle.
- eg kjenne atte eg like han derre Roland. Kem e han enkli?

litt seinare på året :
- du Guro? e dei flinke dei derre to morsomme på russerevyen, og han derre masekoppen i elevrådet?
- Ja, mamma. dei e flinke.
- men. koffø spele dei sånn satan-musikk då då?
- mamma. da går ann å ve flink sjøl om du spele "satan-musikk". Høyr på musikken mamma. Thats the point.

UKM i greighallen :
- Guro! eg like sånn helvette-musikk guro! Dei va jo skikkelig flinke!
- hehe. morsomt mamma. morsomt.
- jammen asso. dei e virkelig flinke.
- akkurat som du har peiling då mamma.
- Eg satt å digga der bake eg. nesten sånn, ehm. Head-banging, du veit. eg trur eg ska kjøpa ei plata...

Eg seier det igjen. Hjelp. mamma likar metal.

Pellikan

soundtrack : Beethoven - 5 symfonien

du er bortskjemd, sa dei.
- eg er ikkje bortskjemd, sa ho.

eg er berre priviligert.

mandag, mars 27, 2006

Omtrent det beste eg veit

soundtrack : seier vel seg sjølv litt..

er å ha på partymiks i itunes'en og så kjem det ein song som eg aldri har hørt før.

spesielt når det skjedde i dag og songen var berre masse dyrelydar og ein mann som skreik "doidoi".

Rutiner/tvangstankar?

Soundtrack : Emotional Rescue - The Rolling Stones

1. Postkasse-tvangstanke.
Kvar gong eg kjem heim, MÅ eg, berre MÅ eg sjekka postkassa. Om klokka er 2 om dagen, 2 om natta, 6 om morgonene, eg berre MÅ sjekka postkassa.
tvangstanke eller rutine?

2. Kniv og gaffel-tvangstanke.
Kniven kan ikkje ligga oppi gaffelen. Kniven kan altså ikkje ligga mellom "taggane" i gaffelen.
Problemet er at pappa ikkje klarer å ikkje gjere dette. Ergo : middagen i Bordalsvegen 16 er aldri stille.

3. Veggpryd-må-henga-rett-tvangstanke.
Om eg ser noko som heng på ein vegg, som er berre pittelittegranne skeivt, Må eg fiksa på det. Eg berre MÅ.

4. Skapdører-kan-ikkje-vera-opne-tvangstankar.
Om eg ser ei skapdør eller ei skuff som er pittelittegranne opne, Må eg lukka den. Eg berre MÅ.

5. Gå-ein-runde-rundt-dei-spesielle-stolpane-dei-har-i-utlandet-tvangstanke.
Då eg var i Frankrike for fyrste gong, viste Live meg noko ufattelig stilig. Dei har sånne stolpar nedi bakken, som faktisk forsvinn nedi bakken om ein trykkjer på ein knapp. Altså, stolpane står nedi bakken framfor ein innkjørsel, og når det kjem ein bil som skal inn der, må han trykka på ein knapp. Når den knappen vert trykt på, berre forsvinn stolpane ned i bakken. Utrulig fasinerande.
Men. Tvangstanken er at eg alltid må halda på toppen på ein slik stolpe og gå ein runde rundt stolpen om eg møter ein på min veg.
Og dette er Live sin feil.

6. Boblestemme-tvangstanke.
Kvar gong Live (eller noen andre, men oftast Live) får boblestemma(når stemma høyrest heilt forvridd ut på grunn av ei boble eller noe i halsen) må eg sei "boblestemma!" og le.

7. Gå-like-mykje-på-begge-beina-tvangstanke.
Når eg går til skulen, heim frå skulen, til øving, heim frå øving osv, MÅ eg ha like mykje vekt på den eine foten som den andre. Føttene mine snakkar altså til kvarandre. "haha! eg har fått meir vekt enn deg!" seier den eine foten til den andre. og slik held dei på heilt til begge har fått like mykje vekt. dumme føttene.

8. Gå-i-takt-med-musikken-på-ipoden-tvangstanke.
Men dei føttene mine, dei er rare dei. Det er ikkje berre det at dei kranglar, dei må nemleg gå i takt med musikken og. Dette fører til at eg ofte ser ganske rar ut når eg går til skulen. Og dette fører og til at eg ofte syklar.

Eg har mange fleir tvangstankar. Men den eine tvangstanken er at eg ikkje skal offentleggjera alle tvangstankane mine.
Dei kranglar nemleg med kvarandre dei og.

fredag, mars 17, 2006

tankar frå eit symjebasseng

soundtrack : The Cure - just like heaven

verda blir annleis.
når ein symjer i eit symjebasseng.

alt blir så fint.

tankar blir fine.
augene er opne og ser alt. boblene boblar. vatnet sprutar. kroppane glir bortover i vatnet.
alt blir vakkert. håret flyt bortover i vatnet. - det er ikkje lenger hår, tenkjer eg. - det er ein hale. på ei vakker havfrue. eller halen til nøkken kanskje.

musikk lagar seg sjølv i hovudet.

- åå, så fin og brun Live har blitt, tenkjer eg og.

verda blir fin. og brun. eller rosa.
- om verda alltid hadde vore slik så hadde det ikkje vore krig i verda, tenkjer eg, og ser ut på dei rosa trærna.

alt er vakkert.



heilt til eg tar av meg symjebrillene med dei rosa glasene og ser ut på dei grå trærna att.

søndag, mars 12, 2006

sundagsfordriv

Soundtrack : Queen - lazing on a sunday afternoon



sundagar er keisame.
men ikkje om ein har nokon å gjera sundagsting med.
som for eksempel : sova lenge. gå på kafé. gå på sundagstur. gå på kino.

denne sundagen hadde eg nokon å gjera sundagsting med.

eg og adrian gjekk fyrst på Godt Brød (der me betalte mykje av det som var i våre tomme lommebøker, men med god samvittighet, Godt Brød = økologisk osv.).
etterpå gjekk me på sundagstur.
plutselig fekk adrian ein super idé om at me skulle gå opp på altanen til eit hus. "det er mye finere utsikt der!" påstod han. kjente me dei som budde i huset? nei.
men var det nokon heima? nei.

eg elskar bergen.



fredag, mars 10, 2006

Målkvefsar

Soundtrack : Side Brok - Ein likandes kar

I går arrangerte eg og Lina Norsk Målungdommøte på Alpino.
Det vart ein slager med om lag 15 oppmøtte!

"Målkvefsane" heiter me.

Sakene Målkvefsane skal ha som hovudsaker i dette året er :

1. Å laga t-skjorter.
T skjortene skal vera svarte med raud skrift. Har nokon forslag til kva som kan stå frampå? Det beste forslaget til no er "eg hugleikar nynorsken!"

2. Å ha ein kampanje om at det skal stå "mjølk" på mjølkekartongane i staden for "melk".
Planen er å skriva brev til TINE melk, og til ordet fritt i Hordaland og kanskje få eit lite bilete i Hordaland også.
Eg hadde eit forslag om å skrive på ein j og ein ø med sprittusj på mange mjølkekartongar i butikkar på Voss.
Eg trur det vart nedstemt på grunn av frykt for useriøsitet. Det blir tatt opp på neste møte att.

3. Å senda nokon på landsmøte!

4. Å visa at Målkvefsane finst.

5. Å prøva å få folk til å halda på dialekten og nynorsken.

6. Å visa Hardanger folkeblad at Målkvefsane vil at dei skal skriva meir nynorsk i avisa!

Alle er velkomne til neste møte, torsdagen etter påskeferien.


Eg hugleikar nynorsken!


tirsdag, mars 07, 2006

Kvinner kan!

Soundtrack : Woman of heart and desire - Joni Mitchell

No er det 8 mars. og 8 mars = kvinnedagen.
Jippi!

Lina og eg drog på tokt.





fyrst var det laging av banner -




tokta byrja. me var ute i den kalde marsnatta om lag kl 2330.
dolvehuset (huset attmed kiwi) virka som ein fin plass å henga ein slik banner.
sjølv om me lurar litt på om den kjem til å hengja der i morgon.

kanskje ein FRP-mann køyrer på jobb i morgon, ser banneren og så riv han ned?
du kan jo aldri vita. Kvar tredje nordmann er jo FRP'ar i desse dagar...


mission accomplished.


NB : ikkje prøv dette heime. lukt av maling og white sprit kan forekomma i store delar av huset. (pluss litt maling på golvet..)
mamma er sur.

torsdag, mars 02, 2006

Sing a song song

Soundtrack : No song unheard - The Hellacopters


vilde vilde, du er som gilde

pølser

feite og gode og intellegente,
og likar alle menneske,
ikkje berre dei kjente.

pratar i munnen på alle,
og får mange til å falle,

men på den rette sida.

vilde er rett og slett kjekk,
spesielt når ho skriv med blekk

speglvendt.

vilde har heller ingen potetnås,
og ho sett ikkje folk i bås,
ho er rett og slett humanist,
sosialist og feminist, og kanskje og litt kommunist og anarkist?

det er i hvertfall ikkje trist,
for til sist,
er det ikkje trua på jesu krist,
men mao og marx som tel, javisst!

vilde er digg,
spesielt når ho tar seg ein sigg.



eg skreiv ein song til om/til Vilde i dag.
eg trur eg skal byrja å skriva noen revolusjonsongar.
Det skal bli min stilling i partiet når revolusjonen kjem - revolusjonsongkomponist.

(NB - teksten er litt intern nokon plassar. Og - om de vil høyra melodien, så er det berre å komma på besøk så skal eg syngja)