eg var i serbia før jol eingong.
det var morsomt. men og fælt. og samtidig veldig lærerikt.
Den aller morsommaste/raraste/fælaste opplevelsen:
å køyra i ein sliten, sliten (!!!) buss på Serbia sine landevegar. på kvelden sjølvsagt. det var kjempekjempe mørkt, men me kunne sjå så langt som eg aldri har sett før likevel. nesten sånn verdens ende opplevelse.
Me kom til Beograd. me skulle på poshete ambassadebesøk. Me køyrte opp mot ambassaden og på vegen såg me eit endå meir poshete hotel. 300 meter frå dette hotellet, på andre sida av vegen var det ikkje eit så poshete strøk. Folk levde oppå kvarandre. Husa dei budde i var laga av bos, og det boset som ikkje fekk plass i Donau, låg rundt om kring husa. Det var rett og slett ekstrem slum.
uansett. når me var ferdig på ambassaden med høflighetsfrasar og å sjå på at ambassadøren sovna, reiste me vidare. Eg såg forresten ikkje ei einaste dame på ambassaden. Ikkje ein gong ei einaste vaskedame.
men. me satt i denne bussen saman med elevar og lærarar frå Zrenjanin Gymnasium, alle oss frå gymmen og ein anarkist.
Denne "anarkisten" kjem frå Serbia, men han kunne rett og slett snakka trøndersk. Han hadde nemleg gått på folkehøgsskule i Norge tidleg på 70 talet ein gong, midt i den beste tida noen gong. Det som skjedde var at han hadde brutt ein heil masse reglar på denne folkehøgsskulen (tru meg, han fortalte ALT), og han blei kasta ut etter to månadar. Kva skulle han gjere no? Han kunne ikkje reise heim, for då hadde foreldrene hans kasta han ut dei og, så han bestemte seg for at han skulle bli i Noreg.
Han reiste altså berre rundt og rundt i Norge og snakka med folk. Og lærte ein heil del. og blei anarkist.
sammen med Dag Solstad og Jens Bjørneboe.
Eg, som "musikar" og som har vekse opp i ein "hippie-familie" kan sjølvsagt tusen 70 tals viser, inkludert internasjonalen. Eg byrja difor å synga.
Etter kvart kom fleir og fleir med. Til slutt song heile bussen. Og me slutta ikkje. Me song, song, song, song og song.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

9 kommentarer:
Serbia tankar.. Du veit at det betyr at Serbia fyller feks bensin?
Du er søt, men til poenget.
Du redda nok stemninga i bilen, men kva anna enn å skape god stemning fikk de gjort i Serbia?! Det vil eg gjerne høre om!
knut ivar: legg merke til at han snakka serbisk - TRØNDERSK. :-p
din orddelingstulling..
Knut : les/sjå Gymnaslæraren Pedersen.
Høyres ut som ein Disney film.
Eg elske allsang
What do do in Serbia:
Hang out with anarchists and sing.
This was lesson nr. 1 in "What to do in Serbia."
Lars: Kom deg på kino og sjå Gymnaslærer Pedersen. Det er IKKJE ein Disney-film.
Guro: Knut er i Frankrike.
Uannsett, eg og stiller meg tvilsom til tørlnderlag - uannsett tidsepoke.
eg gjer ikkje. trøndersk og trønderar generelt = tøft.
"vesle trønder" - Black Debbath.
karsk, røyk og øl for alltid.
din orddelingstulling..
Legg inn en kommentar