soundtrack : soundtracket til "Kops"
Veddemåla:
Trond, Knut Ivar og eg bada i vangsen på mandag. ( 24 april)
Eg vann eit veddemål. Tora og Knut Ivar måtte kyssa Guri på munnen.
Krisen:
Knut Ivar kjørte meg heim frå skulen ein dag i sist veke. Klokka var mange og eg hadde mangemange tankar i hovudet om alt mulig rart, mest på grunn av at det var ufattelig mykje å gjere.
Men, han stoppa utanfor porten til det gule huset mitt, og eg gjekk ut frå bilen og sa takk for turen. Så gjekk eg inn porten og inn i huset for å eta oppvarma herlig middag.
- Kor er posten? spurte pappa meg plutselig, etter at eg hadde ete litt av den herlige oppvarma middagen. - Posten? spurte eg og såg bort på Live. Live opna plutseleg augene og munnen på vid gap, og sa - Har du ikkje sjekka postkassa i dag Guro?
nei. eg hadde ikkje sjekka postkassa. eg hadde rett og slett glømt å sjekka postkassa før eg gjekk inn porten.
det verste er at eg tenkjer på det endå.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

8 kommentarer:
eg tenkjer på det endå òg! kva tenkte du på?
eg veit ikkje kva eg tenkte på. og no tenkjer eg på at eg tenkjer på det. og at du tenkjer på at eg tenkjer på det. og at eg tenkjer på at du tenkjer på det.
quelle vie
Og derfor er jorden rund og ikke formet som en banan.
kan me verkeleg vera heilt heilt sikre på at jorda faktisk er rund, og ikkje forma som ei banan?
Sånn ca. ein god del ja.
men me var ganske sikre på at jorda var flat for nokre år sidan og.
tenk om jorda faktisk er ein rombe?
hm.
eller ei sosialiststjerne!
viss jorda ikkje er rund håpar eg den ser ut som ein sjiraff. med tre hovud
Legg inn en kommentar