fredag, mars 10, 2006

Målkvefsar

Soundtrack : Side Brok - Ein likandes kar

I går arrangerte eg og Lina Norsk Målungdommøte på Alpino.
Det vart ein slager med om lag 15 oppmøtte!

"Målkvefsane" heiter me.

Sakene Målkvefsane skal ha som hovudsaker i dette året er :

1. Å laga t-skjorter.
T skjortene skal vera svarte med raud skrift. Har nokon forslag til kva som kan stå frampå? Det beste forslaget til no er "eg hugleikar nynorsken!"

2. Å ha ein kampanje om at det skal stå "mjølk" på mjølkekartongane i staden for "melk".
Planen er å skriva brev til TINE melk, og til ordet fritt i Hordaland og kanskje få eit lite bilete i Hordaland også.
Eg hadde eit forslag om å skrive på ein j og ein ø med sprittusj på mange mjølkekartongar i butikkar på Voss.
Eg trur det vart nedstemt på grunn av frykt for useriøsitet. Det blir tatt opp på neste møte att.

3. Å senda nokon på landsmøte!

4. Å visa at Målkvefsane finst.

5. Å prøva å få folk til å halda på dialekten og nynorsken.

6. Å visa Hardanger folkeblad at Målkvefsane vil at dei skal skriva meir nynorsk i avisa!

Alle er velkomne til neste møte, torsdagen etter påskeferien.


Eg hugleikar nynorsken!


10 kommentarer:

la live sa...

med fare for å verta oppfatta som negativ til målkvefsane (noko eg sjølvsagt ikkje er) - kvefs er eit ekkelt ord

la live sa...

hugleikar derimot.. hehe.. morro!

Tore sa...

Eg trur hugleik aldri har vore brukt som verb før...

Anonym sa...

Eg måtte slå opp kvefs for å skjønne at det betydde veps. Så lærte eg noko nytt i dag og :)

-- Knut Ivar

Reidar sa...

eehm... eg kjenner ikkje deg, og har ingenting med dette å gjøre, men eg tenkte eg skulle si nokke likevel...
Veldig artig, og bra ting med målkvefsane, men eg e ganske sikker på at du ikkje kan skrive "eg hugleikar nynorsken" d blir som å skrive "Eg kjærlighetter nynorsken". I tilfellet ville det vert lurt med "eg hugheilar nynorsken". Eg ser at "Tore" har notert seg dette også.. Vil bare vere hjelpsom. (det er ikkje sikkert d er riktig, men du burde kanksje sjekke d.)

tjo bing

Anonym sa...

Málkvefsar/Málkvefsane -
Nynorsk som brodd/
Nynorsk som vápen/

Haha. Eg er teit. Men má jo vere noe i den duren siden de er kvefsar!

Og nár det gjeld hugleik, er det vel betre med:

Málkvefsane - Med hugleik til Nynorsk. (For nynorsken hóres bokmál ut.)

-vilde

Tore sa...

No er forsåvidt ikkje "d" et ord heller då, reidar :D

Anonym sa...

eg syns da bør stå CIA på t skjortene... dae jo tross alt dei so bestemme alt her i verden....

Reidar sa...

tar selvkritikk.
Var veldig nervøs når eg kommenterte. Eg får vel heller svelge den... Men eg vil likevel notere at det var for å hjelpe ikkje for vere teite-Reidar. (Merk deg korleis eg ikkje turde skrive "d")

la live sa...

når alt kjem til alt er ikkje eigentleg hugleik eit ord ein gong, så ein kan like godt skriva hugleik som hugleikar. eg går for "eg hugleikar nynorsk"!