soundtrack : The Cure - just like heaven
verda blir annleis.
når ein symjer i eit symjebasseng.
alt blir så fint.
tankar blir fine.
augene er opne og ser alt. boblene boblar. vatnet sprutar. kroppane glir bortover i vatnet.
alt blir vakkert. håret flyt bortover i vatnet. - det er ikkje lenger hår, tenkjer eg. - det er ein hale. på ei vakker havfrue. eller halen til nøkken kanskje.
musikk lagar seg sjølv i hovudet.
- åå, så fin og brun Live har blitt, tenkjer eg og.
verda blir fin. og brun. eller rosa.
- om verda alltid hadde vore slik så hadde det ikkje vore krig i verda, tenkjer eg, og ser ut på dei rosa trærna.
alt er vakkert.
heilt til eg tar av meg symjebrillene med dei rosa glasene og ser ut på dei grå trærna att.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

8 kommentarer:
Når du blir diktator kan du gjere slik at alle må gå med rosa svømmebriller. Eller grønne. Og bikini. Kanskje ikkje bikini heile tida.
no trudde eg nesten at eg hadde blitt brun under alle vinterkleda. men den gang ei. litt skuffa no ja..
oj, sa fint! no eg blei litt rosa inni meg! takk rosa kakerlak
"håret flyt bortover i vatnet. - det er ikkje lenger hår, tenkjer eg. - det er ein hale. på ei vakker havfrue. eller halen til nøkken kanskje."
- Hva har skjedd med badehette-regelen?
jeg likte bloggen din. og jeg liker nynorsk. om jeg øver og prøver får jeg kanskje til å skrive nynorsk uten pinlige skriveleifer selv.
Urin og klor er jo omtrent det reinaste som fins, så det er jo ikkje noko anna enn berre ekkelt.
knut : du liknar på mora til Amelie fra Montmarte.
eg trur trea er eit betre ord enn trærna.. men det kan jo hende eg trur feil..
Legg inn en kommentar